Tidlegare i år leste eg boka Kaninbyen, og her er ei lita omtale om boka. Håper du likar den!
Forfattaren av boka ”Kaninbyen” er Arild Rein, og han vart født i 1960 i Stavanger. Han er kjent for sine bøker ”Hundedagane”, ”Grisekortet” og ”Kaninbyen”, som til saman utgjer Stavangertrilogien. Alle bøkene hans er skrive på nynorsk. Dei fleste romanane tar handling i Stavanger by, og bøkene hans er ganske realistiske.
”Kaninbyen” er ein roman, men meir ein seriøs roman enn ein underhaldande roman. Det er fordi det er ei realistisk bok, der handlinga kunne skjedd i verkelegheita. Det finnes ikkje mange underhaldande scener i boka, men meir grove scener som til dømes da han fortel om hans seksuelle frustrasjon. Han bruker mykje grove ord og har ein stygg språkbruk, slik blir boka ikkje all for seriøs.
Romanen handlar om Jonny Roxmann, ein tidlegare politimann som har fått sparken etter å ha leiga ut huset sitt til prostituerte. Han vil flytta til Thailand, og difor bestemmer han seg for å tene nokre lettvinte pengar på å selje bakte poteter på Gladmatfestivalen, som arrangerast kvart år i Stavanger. Han får eit godt auge til asiatiske Kim, men det viser seg ikkje å vera slik han ynska. Ho er gift med ein stakkarsleg mann med Alzheimer, og har ikkje samvittigheit til å gå frå han. Jonny og Kim utviklar eit forhold, men Kim veit ikkje at Jonny snart skal flytte til Thailand…
Boka handlar om Jonny sin kvardag, noko som ikkje er spesielt spennande. Grunnen til det er at handlinga inneheld ingen vendepunkt, i staden for blir handlinga dratt til fleire kantar. Han vimsar seg vekk frå sjølve handlinga, og byrjar å fortelja om noko heilt anna. Til dømes da han byrjar å snakka om ”snørrunga”, og går over til å snakke om menneska som svelt i hel. Han verkar som ein bitter og sur mann på grunn av den stygge språkbruken og det flittige bruket av ordet ”faen”. Samtidig har er han ikkje så godtruandes mot menneskjer. Til dømes då Jonny påstår at ein utlending prøvar å svindla han, fordi han meinar det er typisk utlendingar. Gjennom heile boka sit eg og ventar på at noko spennande skal skje, men det finnes ikkje eit einaste høgdepunkt i boka.
Frå skala ein til ti, hamnar ”Kaninbyen” langt nede. Eg likte ikkje boka, den falt ikkje i smak hos meg. Dette er fordi boka si spenningskurve er lav gjennom så og seie heile handlinga. For meg er boka eit irritasjonsmoment fordi den ikkje innehald noko vendepunkt, har ein stygg språkbruk og ikkje er spennande. På grunnlag av dette gir eg boka terningkast 3.
Kjelder:
· Wikipedia. 2010. Arild Rein. Lokalisert: 17.09.2010. http://no.wikipedia.org/wiki/Arild_Rein
· Herget. 2008. ”Kaninbyen” seiret suverent. Lokalisert: 08.05.2008. http://www.aftenbladet.no/kultur/637031/laquoKaninbyenraquo_seiret_suverent.html
· Arild Rein. 2004. Kaninbyen. Samlaget. Stavanger
Foto: Synne Ravndal

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar